LIV FJELLSKI M. FELLELÅS

ref. 540160

- Lengder: 170, 175, 180, 187, 194 cm
- Breidde: 67 57 62 mm
- Vekt: 1.700 gram (180 cm)
- Fellelås montert: Ja (Kortfeller kan kjøpast separat)
- Stålkant: Langs heile lengda
- Sole: Smørbar/Sintra

Åsnes Liv Fjellski er utvikla i samarbeid med Liv Arnesen, og med den populære Amundsen-skia som utgangspunkt. Ei ski for lange fjellturar med oppakning. Lengdestiv og eigna til å trekkje pulk. Skispennet er tilpassa damer, og den markerte smørjelomma bevarer festevoksen lengst mogleg. Skia er eit naturleg val for ekspedisjonsfararar og vert sjølvsagt levert med Åsnes sin patenterte fellelås. Skia er smale nok til å passe i turspor.

Liv Arnesen har vore på ei rekkje ekspedisjonar og lange skiturar. Ho var den fyrste kvinna i verda som gjekk åleine og utan støtte eller forsyningar til Sørpolen. Før det var ho og Julie Maske dei fyrste kvinnene som gjekk over innlandsisen på Grønland utan støtte. Liv Arnesen og Ann Bancroft var dei fyrste kvinnene som kryssa Antarktis på ski. Liv har tilbrakt mykje tid på Svalbard som guide og turleiar.

Fargar: RAUD
Storleik: 170 - 175 - 180 - 187 - 194

Fjellski

Mange av våre fjellski har fått sine namn etter Norske skiheltar som alle gjekk på norske ski. Våre fjellski er eit klart fyrsteval blant alle som har over gjennomsnittleg trong til å gå lange turar. I 2009 introduserte me dei fyrste fjellskia for kvinner med Cecilie Skog og Liv Arnesen. I denne kategorien finn du i tillegg blant anna skifeller, stavar, bindingar og skitrekk.