Jakt og Våpen hadde i vinter ein test av fjell-/jaktski og i denne testen hadde Åsnes heile 6 skimodellar. Og tre av desse vart kåra til best i si klasse.
Dei Åsnes-modellane som vart tatt ut til testen var følgande: Storetind, Vetletind, Breidablikk, Ingstad Fjell, Amundsen og Nansen.
Alle Åsnes-skiene fekk karakteren 5, bortsett frå Ingstad Fjell som fekk full pott, 6 poeng. Og ikkje nok med det, Ingstad Fjell vart kåra til testen sin Beste Allrounder, Storetind kåra til Beste Topptur Modell og Breidablikk kåra til Beste ski for hundeføraren!